[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Takk for i år!

Forfatter: Svein Kristiansen

24. juni 2015

Fotball
News article image

130 barn og unge har hatt travle dagar i Sandane Idrettspark. Velkomen tilbake neste år!

Med den nye treningsarealet i fotballhallen har TINE Fotballskule i år hatt større boltreplass. Det har vore nødvendig, med 30 % auke i deltakartalet frå tidlegare. 

Mange gode tilbakemeldingar, og mange trøtte fotballbein er ei foreløpig oppsummering etter dei tre dagane i Idrettsparken. 

Sjefane for fotballskulen, Håkon Schjølberg og Simon Gimmestad, melder om mange glade og flotte barn. Dei lovar også ei grundig oppsummering om kva som kan utviklast og gjerast betre til neste år. Vi mottek gjerne innspel frå aktive, instruktørar så vel som foreldre. 

Vi ber alle merke seg først som sist: det blir ny fotballskule mandag 20. juni til onsdag 22. juni 2016!