Sterk borteseier i Vik
Forfatter: Svein Kristiansen
10. mai 2015
STIL leverte ein god kamp og tok alle poenga i eit knallhardt oppgjer mot Vik laurdag ettermiddag. Sandane spelte seg til ei rekke sjansar i kampen, og kunne fort fått fleire mål, men skal likevel vere godt nøgde med 3-1 over eit fysisk sterkt Vik-lag.
Vik - Sandane 1-3 (0-2)
Vik stadion, kunstgras
0-1 (11. min) Ole Andre Aa
0-2 (42. min) Thomas Dyrrdal
0-3 (79. min) Ole Andre Aa
1-3 (84. min) Svein Erik Saglien
Dommar: Frank Heggestad, Veitastrond
Gule kort: Isak G. Solheim, Sebastian Haugen, Sandane. Stig Roar Hovland, Svein Erik Saglien og Robert Hovland, Vik.
Sandane: Simon Gimmestad, Anders Kleppe Silden, Martin Svarstad, Andreas Bjørkum Vereide, Isak G. Solheim, Ole Andre Aa, Ingebjørn Mundal, Jonas Denk, Sebastian Haugen, Magnus Nikolai Bolseth, Tomas Dyrrdal. Reservar (alle fekk sin debut for Sandane): Håvard Kjønås, Tarjei Bjørkum Vereide og Gudmund Bjotveit.
Sandane leverte ein solid kamp mot eit fysisk sterkt Vik-lag. Robert Hovland på høgre flanke for Vik var eit solid oppspelspunkt, og han gjorde verkeleg ein god innsats for heimelaget. Sjansane som Vik spelte seg til var ofte innom Hovland først. Størst sjansen for heimelaget i første omgang kom då Hovland fann Svein Erik Saglien med eit perfekt innlegg. Saglien nikka hardt og kontant mot hjørnet, men eit tigersprang frå Simon Gimmestad hindra mål: Simon fekk ein finger på ballen, som gjekk via stolpen og ut.
Men før dette var det Sandane som hadde tatt føringa. Sandane var godt med i kampen frå start, og det føltes ikkje feil då eit flott angrep langs høgresida enda med at Ole Andre Aa skar inn mot 16-meteren. Tre mann i feltet venta på pasninga, og både målvakt Hovland og Viks forsvar verka også klare for dette. Ole Andre Aa finta ut alle med å sende ballen i ein vakker boge over Hovland. Dermed var STIL i føringa etter 11 minutts spel.
Sandane sitt forsvar var svært solid i denne kampen. Vik kom til få sjansar i første omgang. Då Sandane gjekk opp til 2-0 nokre få minutt før pause, såg det lyst ut for karane i blått. Magnus Bolseth mottok ein pasning i feltet, tok den fint ned og avanserte på tvers framfor mål. Han sende ballen vidare til Thomas Dyrrdal som netta frå kort hald.
I andre omgang pressa Vik tidvis hardt på for å få ei utlikning. Men det ville seg ikkje heilt for heimelaget. Trass i fleire gode sjansar mangla det litt. STILs gode forsvar, med ein opplagt Simon Gimmestad heilt bak, var dessutan i det vanskeleg hjørnet. Simon hadde ei glimrande reaksjonsredning då Saglien fekk avslutte frå kort hald.
Sandane ordna 3-0 vel 10 minutt før slutt. Det var debutant Håvard Kjønås som kunne sette fart mot Viks mål. Han avslutta med eit skot som Stig Roar Hovland måtte gje retur på. Etter kvart havna ballen hos Ole Andre Aa, som under sterkt press fekk vendt og avslutta med eit skot i mål.
Viks sluttspurt var ikkje ueffen, og sjølv om reduseringa kom i ein situasjon der STIL fåfengt prøvde å få dommar Heggestad til å sette ein stoppar for Sagliens spel, var det ikkje Sandane hadde heile tre debutantar i kampen: Håvard Kjønås, Tarjei Bjørkum Vereide og Gudmund Bjotveit fekk alle prøve seg. Fine innhopp av alle!
Les detaljane frå kampen i vår LIVE-dekning frå kampen.
Sjå video og bilder frå kampen i Sjurs Fotogalleri. Vi kan spesielt anbefale fotograf Sjurs bildeserie frå Håvard Kjønås/Ole Andre Aa sitt 3-0-mål.
noko å seie på at Vik fekk si redusering. Dei pressa på i sluttminutta, men utan å lukkast. Tvert om var Sandane svært nær ved å auke leiinga si heilt mot slutten.