[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

UEFA-heider til STIL

Forfatter: Svein Kristiansen

23. desember 2023

Fotball
News article image

I 2015 fekk Sandane bronse i UEFA si kåring «Best Grassroots Club 2015».

STIL hadde kome seg gjennom eit trongt nålauge for i det heile å bli nominert. Først vart STIL innstilt som Sogn og Fjordane fotballkrets sin kandidat. Så vurderte Norges Fotballforbund kandidatane frå alle fotballkretsane i Norge. I juni dette året opna STIL sin nye kaldhall og det var i samband med dette arrangementet at utviklingsdirektør Alf Hansen i fotballforbundet kunngjorde at STIL vart Norge sin kandidat til UEFA-kåringa.

-Vi gratulerer Sandane! Dette er eit skulderklapp av dei sjeldne frå UEFA. Sandane får denne utmerkinga i konkurranse med klubbar frå heile Europa, uttalte leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Svein Olav Myklebust då bronsemedaljen var eit faktum.

Fotballeiar Sjur Gimmestad var naturlegvis tilfreds: -Vi er audmjuke og svært glade for utmerkinga. Det er eit handslag og ei stadfesting av at vi gjer noko rett her på Sandane. Gimmestad merka seg at UEFA si grunngjeving var knytt opp mot Sandane si satsing på kvalitet, fokuset på breiddefotball, gode planer for trenarutdanning og eit tydeleg ønske om å vere ein samfunnsaktør.

Les meir:

NRK: UEFA-utmerking til Sandane IL

STILs heimeside om utmerkinga

Sjå litt av kva STIL hadde føre seg i 2015:

Film frå Superlaurdag