G14: Sandane utslått på straffespark
Forfatter: Svein Kristiansen
03. august 2016
Etter uavgjort 2-2 ved full tid, var det klart for ekstraomgangar i Sandane sin 1/64-finale mot Odda.
Trass i at STIL måtte spele med 10 mann frå siste del av andre omgang (rødt kort for målvakta vår då han måtte ut om 16 meteren og forsvare som sistemann), var kampen jamspela til siste minutt, og i andre omgang var det faktisk STIL som pressa på for å få det avgjerande målet.
Det lukkast dei dessverre ikkje med, og med tap i straffekonkurransen vart det dermed slutt på fotballeventyret i Oslo for denne gong.
Sandane viste mykje fint spel i den TV-sendte kampen. Erik Pele Gran Eide sto fram med kjemperedningar og gode involveringar då Odda hadde funne resepten for å kome gjennom STILs ellers gode forsvar: lange ballar i bakrom.
Jakob Buene kom inn som Eriks erstattar etter utvisinga, og gjorde også ein svært god figur i målet. Han sto også for Sandanes andre mål i kampen.
TV 2s reporter rosa laga for ein underhaldande og spennande kamp, og det sluttar vi oss til!
Frå kampen:
Filip Pleym Mardal sende STIL i leiing i Sandane sitt første angrep. Etter det var kampen jamspela. Odda hadde ein ball i stolpen like etter, og utlikna til 1-1 like før pause.
Tre minutt ut i andre omgang gav Jakob Buene Sandane 2-1, men Odda utlikna etter 27 minutts spel etter ei kontring.
Vi oppdaterte frå kampen på vår FB-side