STIL sto æresvakt for Toril
Forfatter: Svein Kristiansen
07. januar 2016
Svært mange var til stades under Toril Ødven Aagård si gravferd torsdag føremiddag. Og STIL markerte si takksemd for Torils mangeårige engasjement i og rundt idrettslaget.
Toril Ødven Aagård døydde 30. desember, 68 år gamal. Med henne har familien, bygda og idrettslaget vårt misst ein svært engasjert støttespelar. Toril var aktiv turnar i STIL si Mix-veterantropp då denne vart skipa i 1987. Dette var den første mix-troppa for veteranturnarar i Norge. Dei deltok både på kretsturnstemner, Vestlandsturnstemne og høgdepunktet var kanaskje deltakinga på Verdensgymnaestradaen i Berlin i 1995. Troppa deltok også under Verdensgymnaestradaen i Gøteborg i 1999.
Toril Ødven Aagård var kjent av svært mange, og i idrettslaget har vi nyleg opplevd henne som aktiv støttespelar i barneturn. Ho var gjennom alle år ein ihuga STIL-supportar og ivrig publikummar når STIL spela sine heimekampar i fotball.
Fred over Toril Ødven Aagård sitt minne.