-Prikkfritt!
Forfatter: Svein Kristiansen
06. mars 2022
-Vi har fått berre gode tilbakemeldingar etter årets KM, fortel fotballeiar Gro Pleym Iversen. (lenkene er nå korrekte!)
Dei 244 kampane som skulle spelast er spela. Roen har senka seg i Trivselshallen og Firdahallen. Dugnadsfolket og organisasjonskomiteen har gått heim. Mange pustar velfortent ut.
-Det har vore god stemning i hallen, årets kretsmeistrar er kåra og vi fekk til det vi ønskte: eit gjennomført, godt arrangement. Tilbakemeldingane har vore gode. Ingen har klaga på dommarane og vi sit sjølve igjen med ei god kjensle. Stor takk til dei mange som har bidratt på denne felles dugnaden, innsatsen har vore fantastisk, seier Gro Pleym Iversen.
Dei som kjøpte varmmat i kafeen var med i ei trekning av ein Ipad som Henden Elektro sponsa. Den heldige vinnaren var Øystein Veum frå Sogndal.
For organisasjonskomiteen gjenstår no berre den interne evalueringa. Den må rett nok vente til fotballgruppa har fått gjennomført årsmøtet sitt i morgon, mandag 7. mars.
Søndag tok J19 tredjeplass i KM-sluttspelet som vart arrangert i Stryn, og dei fem andre laga våre gjorde det også godt. Les om alle laga våre HER.
Og i all beskjedenheit: Svein Hauge sitt fantastiske rapporteringsverktøy med løpande resultatoppdatering frå alle fire baner samtidig har i skrivande stund at over 13000 besøk..