[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Ny tilflyttar klar for STIL

Forfatter: Svein Kristiansen

18. februar 2022

Fotball
News article image

Martin Hukset har meldt overgang til Sandane.

Tekst: Ingmar Sægrov. Foto: Simon A. Gimmestad

I november dukka tilfeldigvis Martin Hukset opp på Old boys-trening på Sandane. Heldigvis var underteikna tilstede på desse øktene og inviterte han inn på trening med herrelaget for å sjå korleis han klarte seg med både betre medspelarar og motspelarar. Etter å ha trent med herrelaget i desember og januar har trenarteamet tatt Martin opp i A-stallen til Sandane.

Martin Hukset er 22 år og er frå Naustdal. Han jobbar som bilopprettar på Skala Skade & Lakk AS på Sandane og vi er veldig glade for at han ønskjer å bruke fritida på å spele fotball for Sandane.

Han er ein fysisk sterk midtbanespelar med god ballkontroll og fin høgrefot. Han er pliktoppfyllande og det er noko vi sett stor pris på i klubben. Martin har spelt fotball for Tambarskjelvar og har vert innom 4, 5 og 6 divisjon med dei. I 2019 spelte han for Anga i 5 og 6 divisjon.

Vi ser fram til å bli betre kjent med Martin og ønskjer han velkommen til Sandane.