Sandane møter Anga
Forfatter: Svein Kristiansen
30. mai 2018
Fredag kveld er det duka for nytt oppgjer i 5. divisjon: Sandane tar turen til Førde for å måle krefter med Anga.
Nummer 2-klubben i Førde ligg på sjetteplass på tabellen. Dei har sin klare force på heimebane, der dei er utan tap, og med 14-1 i målskilnad. Det skal imidlertid opplysast at 13 av desse måla kom i møte med dei to botnlaga Balestrand og Fjøra 2/SIL3. Toppskårar Sander Dvergsdal (6 mål) er ikkje åleine om å finne vegen til mål i dette laget. Vegard Syversen (3) og Stian Evebø (2) er dei neste på målskårarlista. Laget har ein solid veteran i Frank Robert Værn. Anga spela uavgjort 0-0 mot Førde 2 i forrige serierunde, eit godt resultat.
Sandane er skadeforfulgt og det er liten grunn til å kassere inn poenga på førehand her. Her må det nullstillast og kjempast i kvar kamp, og - som trenar Torbjørn Gran pleier å be om - laget må vere på frå første spark på ballen. Det er godt å sjå at laget har unge spelarar på veg opp. Men som alltid: Når det kjem til stykket er det eit samla lag som må gjere det. Lykke til!