Frå Sandane til landslaget - Sander Granheim tek neste steg!
Forfatter: Maria Karin Dalsbø
30. mai 2025

"Sander lærde fort kva som krevst av ein midstoppar i toppfotballen, og eg vart spesielt imponert over mentaliteten hans", Sogndal trenar Luis Pimenta
Sander Aske Granheim, fødd 15. august 2007, har hatt ei imponerande utvikling frå barnefotballen i STIL til å bli ein sentral spelar i midtforsvaret til Sogndal Fotball. Etter overgangen til Sogndal i august 2023 har han markert seg sterkt, mellom anna ved å bli kåra til "Årets spelar" for både Sogndal 2 og G19-laget i 2024-sesongen.
Allereie før overgangen fekk han prøve seg i kvitt og svart gjennom hospitering med Sogndal sitt NG17-lag i nasjonal serie. Der fekk han verdifull erfaring og referansar på nasjonalt nivå, samtidig som han framleis spelte kampar for Sandane i den lokale serien – noko som gav både tryggleik og speleglede på heimebane.
Bak framgangen ligg det mange år med hardt arbeid og klare prioriteringar.
– Eg har alltid vore disiplinert og trent litt ekstra. Eg har òg ofra ein del, som for eksempel uteliv og seine kveldar sidan søvn og restitusjon er viktig. Eg passar på å få i meg godt med mat. Eg har satt meg mål underveis og alltid hatt det kjekt med trening og kamp.
Etter mange år med eigentrening, prioriteringar og målretta innsats kom belønninga våren 2025, då han signerte sin første proffkontrakt med Sogndal Fotball.
– Det betydde mykje. Dette har vore eit mål i mange år, og ein viktig milepæl i livet mitt. Det gir mykje motivasjon til å fortsette å jobbe hardt, og ta vidare steg, fortel han.
I mai kom endå ein stor beskjed: Sander er tatt ut til G18-landslaget som skal delta i ei firenasjonarsturnering i Kroatia 2.–11. juni, der Noreg møter Irland, Kroatia og Tyrkia.
– Det var veldig kjekt, og ein gledelig overraskelse. Eg fekk eit hint av trenaren min, Luis (Pimenta), på ei trening om at eg var vurdert teken ut, og så fekk eg den endelige beskjeden nokre dagar seinare. Det blir veldig kjekt å få representere Norge, og eg håpar sjølvsagt å få speletid.
Gode minne frå STIL-tida
Sjølv om han no er blitt Obosliga-spelar og landslagsspelar, har ikkje Sander gløymt kvar han kjem frå.
– Eg har mange gode minne frå tida i STIL Fotball. 2007-kullet var ein stor gjeng med godt samhald, og eg var heldig som fekk prøve meg tidleg på A-laget – eg var vel berre 12–13 år første gongen.
Når vi spør Sander kven og kva som har vore avgjerande for utviklinga hans, er han tydeleg: Det er fleire personar som har hatt stor påverknad – både på og utanfor bana. Han trekkjer spesielt fram tidlegare trenarar som såg potensialet hans og gav han tillit tidleg i karrieren:
– Magne Larsen, som torde å ta meg med opp, og Simon Gimmestad og Bjarte Skaaden, som òg gav meg sjansen tidleg, fortel han.
Samtidig understrekar han at mykje av framgangen også kjem frå innsats utanfor organisert trening:
– Eg har hatt mange treningstimar med pappa og brørne mine, spesielt Nicolai. Og mamma har alltid middagen klar når eg kjem heim, smiler han.
Råd til unge spelarar
Sander har eitt klart råd til unge STIL-spelarar som har ambisjonar:
– Du må jobbe hardt og riktig, og ha det kjekt. Set deg mål – og jobb mot dei!