[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Markante profilar

Forfatter: Svein Kristiansen

10. desember 2023

Fotball
News article image

Kva var årsaka til suksessen? Knut Stavang og Sigtor Tveit forklarer.

Bildet: Bjørn Atle Skaaden, toppscorar. I dei tre sesongane i 3. div. scora han til saman 78 mål. Han var også toppscorar i 3. div. nedrykksåret 1983. Ingen har fleire A-lagskampar for STIL enn han med 600.

Tekst: Jan Nik. Hansen

Knut Stavang forklarte suksessen slik i bladet «JUL med STIL i 1989:

…Men etterkvart utvikla dei unge seg, og utover i 70-åra fekk vi meir system på spelet. Vi begynte å få eit svært jamt lag med nokre einarar i tillegg. Bjørn Atle Skaaden, Per Kjell Skaaden, Jan-Kjetil Øygard, Knut Ødven og Åge Hansen vart viktige støttespelarar. Vi fekk også Mads Klausen, Leif Normann Djupegot og Terje Olsen. I 1978 hadde vi også fått to gode spelarar utanfrå, Steffen Torp og Per Magne Kleven.

Sigtor Tveit forklarte det slik: STIL hadde eit lag som bestod av ein del spelarar som låg eit stykke over gjennomsnittet, og som drog dei andre med seg. Og vidare: Vi forsøkte å få til ei god sentrallinje, med ein god keeper, gode midtstopparar, ein motor på midtbana og ein dyktig avsluttar. Vi hadde tre gode keeperar i Øyvind Kormeseth, Geir Skaaden og Magnar Solheim. Midtstoppar Åge Hansen kunne i sine beste stunder overgå det meste. På midtbana hadde vi motorane Knut Ødven og Lars Helge Flølo, og avsluttaren var sjølvsagt Bjørn Atle Skaaden.

Custom image

Bilete: Åge Hansen, forsvarsklippe. Kåra til årets idrettsutøvar av Firda Tidend i 19.. og utteken på »All star» teamet i 3. divisjon av Sunnmørsposten i 1981. Utteken på kretslaget i fotball ei rekkje gonger.