STIL lanserer idrettsfritidsordning (IFO)
Forfatter: Maria Karin Dalsbø
07. mars 2025
Vi er stolte over å annonsere oppstarten av Enivest Idrettsfritidsordning (Enivest IFO)
STIL er stolte over å annonsere oppstarten av Idrettsfritidsordning (IFO) til hausten – eit spennande og aktivt tilbod for alle barn frå 3. – 5. klasse der allidretten og fysisk aktiviet står i fokus. IFO blir ein realitet takka vere eit verdifullt samarbeid med Enivest AS, som støttar tilbodet gjennom ei sponsoravtale med idrettslaget.
– Vi ynskjer å skape ein plass der barn kan utforske idrett og fysisk aktivitet i eit positivt miljø. Gjennom variert aktivitet og leik legg vi til rette for utvikling, trivsel og gode opplevingar – uansett nivå og forutsetningar, seier prosjektleiar og sportsleg leiar i STIL Jonas Hjartholm Denk.
Praktisk info:
Tidspunkt
Måndag - Fredag, etter skuleslutt fram til 16:30.
Skissering av dagsplan
- Henting på skulen. Instruktørar følger barna til Sandane Idrettspark/Trivselshallen
- Måltid
- Organisert idrettsaktivitet
- Frukt og henting
Aktivitetar
Barna får utforske eit breitt spekter av aktivitetar gjennom heile året. Fotball, handball, friidrett, turn, friluftsliv, samarbeidsleikar, sykling, klatring, basketball, innebandy og orientering er berre nokre av idrettane og aktivitetane barna får prøve seg på. Aktivitetane følger eit årshjul og ein periodeplan som vil bli publisert her på nettsida, men kan bli justert eller flytta etter værforhold. På vinteren foregår mesteparten av aktivitetane innandørs i Trivselshallen.
Viktige opplysningar
Følger Gloppen kommune si skulerute
Pris
2500,- per månad/barn.
Deltaking i Enivest IFO i perioden frå skuleslutt til kl. 16:30 gir rett til foreldrefrådrag innanfor beløpsgrensa på 25.000 kr for eitt barn, og 15.000 kr ekstra for kvart barn t.o.m. 11 år, jf. Skattelova § 6-48.