[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Gro Pleym Iversen held fram som fotballeiar

Forfatter: Svein Kristiansen

13. mars 2022

Fotball
News article image

Attvald med akklamasjon på årsmøtet.

Stabilitet pregar fotballgruppa i STIL. På årsmøtet 7. mars vart styreleiar Gro Pleym Iversen attvalt med akklamasjon.

Pleym Iversen tok over som fotballeiar i 2021, og ho har ikkje lege på latsida i året som har gått. Årsmøtet vart halde dagen etter eit vellukka KM futsal var avvikla på Sandane, eit arrangement som i stor grad hadde styreleiarens stempel på seg: nøyaktig førebuing og grundigheit i alle ledd og med auge for dei viktige detaljane.

Vi oppmodar alle om å lese den fyldige årsmeldinga til fotballgruppa, den gir ein smakebit av det som er gjennomført og det som foregår av spennande utviklingsarbeid i fotballgruppa for tida.

Slik ser 2022-styret i fotballgruppa ut:

LeiarGro Pleym Iversen
NestleiarSvein Kristiansen
Leiar sportsleg utvalIngmar Sægrov
Leiar økonominemndKjartan Aa Berge
Leiar anleggsnemndHåvard Gimmestad
Leiar aldersbestemt fotballEgil Brekke
KvalitetsklubbansvarlegTorill Fjellestad

Det hadde ikkje lukkast valnemnda å finne kandidat til ein nyoppretta funksjon som Arrangementskoordinator.

Klubben i vårt hjerte:

Custom image