Holvik og Skogli debuterte for andrelaget
Forfatter: Svein Kristiansen
23. september 2015
Sandane 2 avslutta sesongen med eit ungt mannskap. Her er trenar Torbjørn Gran si oppsummering frå kampen mot Vikane/Loen.
Vikane/Loen - Sandane 2 5-2 (3-0)
Skåring: Sverre Løken og et selvmål.
Stil2 avslutta sesongen med 5-2 tap mot Vikane/Loen.
Uten sentralrekka med Egil Brekke, Bjarte Leite, Sebastian Bujnicki og verken Gudmund, Tarjei eller Jonas fra gutelaget med i troppen vart det ei knalltøff oppgåve for eit Stil2 lag som allikevel ikkje gjorde seg vekk i Innvik.
Håvard Holvik og Aron Skogli fekk sin debut på seniornivå, samt. at Johan Lothe, han og gutespelar, spelte 90 minutt og viste igjen som ein av Sandane sine beste.
Ein famlande start med store utfordringar i posisjonering og struktur på eit heilt nykomponert lag med fleire spelarar i ukjende posisjonar, ga Vikarane store rom å spele i, noko som resulterte i 3-0 etter fyrste omgang. I ein andreomgang kor Sandanegutane hadde meir konkrete oppgåver, fekk betre orden på strukturen i laget og målsetting om å være like gode på resultattavla som Vikane/Loen i dei siste 45minutta, blei det ei god oppleving med ein 2-2 omgang og fleire gode prestasjonar. Nok eingong set Sverre Løken ballen klistra i nettet på eit frispark!