Fin sommaravslutning for damelaget
Forfatter: Administrasjonen
17. juni 2026
Teambuilding
Damelaget Sandane/Jølster runda av vårsesongen med ei kjekk og sosial sommaravslutning på Nordfjord Folkehøgskule måndag kveld.
Avslutninga var organisert av Anne Aune Neerland, og heile 23 spelarar og støtteapparat møtte opp til ein fin kveld saman. Kvelden starta med grilling av burger og pølse, med godt tilbehøyr og brus.
Etter maten vart det turnering i Spikeball, der 11 lag kjempa om sigeren. Engasjementet var stort, og konkurranseinstinktet var definitivt på plass. Etter både kvartfinalar, semifinalar og finale var det Anne og Renate som kunne juble for siger etter ein jamn og spennande finale mot Martine og Malene.
Vidare vart det både beachvolleyball og kubbespel, før kvelden vart avslutta med brownies.
God utvikling
Damelaget har hatt ein sterk start på sesongen, men kanskje aller viktigast er den gode utviklinga laget har hatt gjennom vårsesongen. Spelargruppa har teke steg både sportsleg og sosialt, og samarbeidslaget mellom Sandane og Jølster har fått ein god start med mykje energi, treningsvilje og godt samhald.
Det er kjekt å sjå ei spelargruppe som byggjer vidare på kvarandre, skaper eit godt miljø og samtidig tek nye steg saman på bana. For klubben er dette vel så viktig som resultata – at spelarane opplever meistring, utvikling og glede gjennom fotballen.
No ventar ein spennande kamp mot Måløy tysdag kveld, før laget tek ein velfortent sommarpause.
Vi ønskjer damelaget lykke til i siste kamp før ferien – og god sommar når kampen er unnagjort!