[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Til Hessa Cup!

Forfatter: Svein Kristiansen

24. august 2016

Fotball
News article image

Engasjerte trenarar og foreldre = spennande opplevingar: To 11-årslag set i helga kursen mot Ålesund.

G11-laget til STIL skal til helga (27. og 28. august) til Hessa Cup i Ålesund. Det er rekordstor deltaking på turneringa, med over 1000 stk som skal overnatte på skular og campingplassar.

Steinar Holvik, ein av trenarane, fortel at Sandane reiser med 2 lag, 16 gutar fødd 2005 og 4 gutar fødd 2006. -Vi fordeler gutane i jamne lag, og har 2 ledarar på kvart lag.

Flesteparten skal overnatte på hytter på Sjøholt Camping, men nokon har også ordna privat overnatting.7 foreldre overnattar i lag med gutane på campingen, så vi er ein fin gjeng som reiser.

Det er spesielt kjekt at så mange foreldre har lyst og tid å vere med på turen, seier Holvik. -Vi ser veldig fram til å møte nye lag, men det sosiale er viktigast med turen.

Laga har følgjande kampoppsett;

STIL 1:
Laurdag:
Kl 13.00 STIL mot Dahle United
Kl 14.00 STIL mot  MSIL hvit . Begge kampar går på Valdervoll (Bane V 
2).
Søndag:
Kl 11.10  STIL mot KFK United på Skarbøvik (Bane S 5)
Kl 12.10 STIL mot Hessa på Skarbøvik (Bane S 6)

STIL 2:
Laurdag:
Kl 12.30 STIL 2 mot Åndalsnes 2
Kl 14.00 STIL 2 mot KFK Barca. Begge kampar går på Valdervoll (Bane V 3)

Søndag:
Kl 11.40 STIL 2 mot Dahle City på Skarbøvik (Bane S 6)
Kl 13.10 STIL 2 mot Ellingsøy på Skarbøvik (Bane S 4)

Full oversikt over kampar og baner finn de her.
Sjekk også heimesida www.hessacup.no

Vi ønskjer lukke til med Ålesundsturen! Spennande og gode opplevingar for store og små ventar. Takk til alle som bidreg!