Kick Off for fotballsesongen!
Forfatter: Svein Kristiansen
23. februar 2016
Det går mot lysare tider og fotballen samlar trenarar og andre ressurspersonar til Kick Off tirsdag 15. mars kl. 19.00.
Torbjørn Gran, trenarkoordinator i STIL-fotballen, konstaterer at fotballen på Sandane har tatt eit langt steg vidare det siste året. - Vi har som mål å hjelpe trenarane til å følgje ein raud tråd i treningsarbeidet. Vi har utarbeidd ein sportsplan som er ei viktig rettesnor for treningsarbeidet. Men vi ønsker å vere tett på våre trenarar og gje dei oppbacking i forhold til treningar og øktene ein legg opp til på treningsfeltet.
-Trenarar og oppmenn har gitt oss nyttige tilbakemeldingar. Det hjelper oss til å betre rutinar og utvikle nye prosjekt. Det er mange kreative og engasjerte menneske i STIL Fotball, seier Gran. - Målet er å sørge for at barna våre har ein best mogeleg utviklingsarena.
Program for kvelden:
Tid: TIRSDAG 15. mars kl. 19.00, kunstgressbygget.
19.00-19.30 Info v. Trenerkoordinator
19.30-20.25 Retningslinjer for å skape utvikling og mestring i barne og ungdomsfotball,
samt fokus på vintertrening og fotball som helårsidrett.
v/Marius Kloster, fagansvarlig barnefotball NFF Sogn og Fjordane.
20.30-21.25 Praksisøkt (presentasjon av treningsøvelser)
v/Marius Kloster.
Enkel servering.