Andreas sin debut som HD i Kretsligaen
Forfatter: Gro Pleym Iversen
04. september 2024
Vi gratulerer!
"Det å dømme i kretsligaen som hovuddommar (HD) var ei kjekk oppleving og ein fin milepæl i mi karriere" seier Andreas Skeistrand Bakkelid i eit SMS intervju.
Laurdag 31.august 2024 debuterte Andreas Skeistrand Bakkelid som hovuddommar. Han har fram til no vore AD (assistent dommar) i kretsligaen men dømte nokre kampar som HD i 5 og 6 divisjon.
Vi spurde om det er stor skilnad mellom desse to rollene.
"Eg føle det er ein del skilnad frå og vere AD og HD sjølv om ein assistent gjerne kan vere med å bestemme både frispark, straffe og gule/raude kort. For som assistent er din primærjobb alltid offside, for visst du har fokus og alltid ligge på nest bakerste mann vil du vere den som har best vinkel. Og det er et nøkkelord for fotballdømming, nemleg vinkel. Vi som dommarar må alltid bedømme situasjonane etter det vi ser og vinkelen vi har. Som hovuddommar har du meir moglegheit å bevege deg og søke god vinkel til situasjonar og har gjerne då det større ansvar på frispark, straffe og gule/raude kort. Som hovuddommar er du og «teamleder» Det er hovuddommaren som sende melding til assistent om oppmøte, draktfarge, flagg og tar styringa i garderoben med ein samtale før kamp der vi blir einige om korleis vi som team vil lede denne kampen, og fordelar ansvarsområde til assistentane."
Så til kampen, kven dømde du og korleis utarta den seg?
"Eg dømde kampen mellom Dale og Eid på Dingemoen, der Eid vann 1-3 som og var resultatet til pause. Kampen starta greitt med 2 lag som ville spele ball sjølv om Eid tok litt styringa og ende då omgangen med få frispark og 1 gult kort. I 2. omgang var Eid defensive i spelestilen og det prega heimelaget litt. So det var litt meir tenning ut i 2. omgang og deretter vart det delt ut litt fleire kort. Kampen ende med 5 gule kort der ein av dei var 10 minutt soning som kom i siste speleminutt."
Korleis opplevde du di eiga dømming og fekk du tilbakemeldingar?
"Eg er totalt sett fornøgd med både eigen prestasjon og teamets prestasjon. Følte eg hadde grei kommunikasjon med spelarane på bana og treff godt på ein del situasjonar, sjølv om der va enkelte ting eg kunne løyst annleis. Veiledar var nøgd etter kampen og gav meg litt utviklingsmoment eg skal ta med vidare. Har allereie fått nye oppdrag i kretsligaen framover i sesongen og ser fram til dei:)"
Vi i STIL Fotball er stolte av alle dommarane våre og er glad for at kretsdommarane våre dømer mange kampar i lokalfotballen. Vi ynskjer Andreas lykke til vidare med læringspunkt og nye utfordringar.
Andreas S. Bakkelid i SMS utveksling med Vidar Bjotveit dommaransvarleg.
Foto: haugenfotball.no