[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kurs: Trygg på trening med Redd Barna

Forfatter: Svein Kristiansen

10. mars 2022

Fotball
Barneidrett
Friidrett
Svømming
Trimgruppe
Håndball
Gymnastikk og breddeaktivitet
News article image

Vi har intervjua Elin Langli, seniorrådgjevar i Redd Barna. Ho har utvikla kurset "Trygg på trening med Redd Barna". -Det er når barn føler seg trygge at dei utviklar seg best, seier ho.

«Trygg på trening med Redd Barna » er eit lærerikt og ikkje minst viktig kurs som vil gjere deg tryggare som vaksen i møte med barn. Kurset vil gi deg informasjon og viktig kunnskap: Kva skal du gjere for forebygge overgrep i egen klubb og kva skal du gjere hvis du er bekymra for eit barn. Når du går frå kurset skal du føle deg tryggare som vaksen.

Elin Langli er seniorrådgjevar i Redd Barna og har dei siste fire åra vore prosjektleiar for «Trygg på trening med Redd Barna», som dei seinare åra har blitt introdusert i norsk idrett. –Det er viktig for foreldre å vere sikre på at barna deira er trygge. Samtidig må trenarar og andre vaksne i idretten vite kva dei skal gjere hvis noko skjer. Dette gjeld først og fremst tryggleik for barna, men også for trenarane. Dei skal ikkje sette seg i ein situasjon som kan bli farleg eller som kan misforståast, seier Langli.

Langli fortel at Norges Idrettsforbund og 11 særforbund deltar i prosjektet, og målet er å få endå fleire idrettsforbund med. –Erfaringane då vi starta prosjektet var at idretten sjølv var veldig opptatt av tematikken og ønskte å ha fokus på dette. Utfordringa fram til vi utvikla kurset «Trygg på trening med Redd Barna » var at vi hadde mykje informasjon om temaet, men denne var spreidd og lite systematisert. No har vi fått laga eit kurs som er tilpassa idretten. «Trygg på trening med Redd Barna» gir systematisk og brukarvenleg informasjon.

To av ti jenter og ein av ti gutar opplever å bli utsett for grensekrenkande atferd, vold eller seksulle overgrep, før dei fyller 18 år. Finst der tal som seier noko om kor utbreidt dette er i idretten?

-Vi har ikkje tall fra idretten, men idretten gjenspeglar samfunnet vårt, og det er ingen grunn til at tala ikkje skulle vere reelle også innanfor idretten, seier Langli. Ho ser at det i tida framover kjem til å bli auka fokus på barns tryggleik i idretten. –Klubbar som set dette på dagsorden ligg i framkant av utviklinga. Når ein deltar på «Trygg på trening med Redd Barna»-kurset bidrar ein til å trygge barns kvardag.

STIL fotball arrangerer "Trygg på trening med Redd Barna" mandag 14. mars kl. 2000-2130, i G-bygget i Sandane Idrettspark. Kurshaldarar er Margot Nesgård og Svein Kristiansen. Påmelding til [email protected]. Kurset er ope for trenarar, lagleiarar og foreldre.