J9 med "Klar tale" vann Trafikksikre miniputtar konkurransen
Forfatter: Gro Pleym Iversen
19. oktober 2023
1 plass og 4000 kr til laget
Rapportering «Trafikksikre miniputtar» 2023
Den engasjerte og livlege 2014 -gjengen frå Sandane har virkeleg tatt trafikktryggleik på alvor. For å setje ekstra fokus på trafikktryggleik innad i laget klinka dei til med ein kreativ song og dans til foreldrene.
Temaet dei var innom gjaldt både mobilbruk i bil, viktigheit av å bruke bilbelte, sykkelhjelm og refleks. I tillegg fekk dei også prenta inn litt alkoholvettreglar. Bodskapen kom tydleg fram gjennom både song, rørsle og tydelege beskjedar (sjå vedlegg i PDF for meir informasjon om både innhald i tekst og bilder frå øving og show, samt filmsnutt sendt på messenger).
Foreldrene var veldig imponert over både engasjementet, kreativiteten og bodskapen i sangen/ dansen. Fleire foreldre og trenarar gjekk nynnande ut døra etter showet. Vi reknar med at sangen til jentene bidreg til at mobilen får ligge i ro i bilen framover, bilbeltet vil alltid vere på og refleksane i heimen er no funne fram.
Jentene er ein samansveisa og allsidig gjeng. Dei byr på seg sjølv, har humor og likar å lage show. Vi håpar deira bidrag i denne konkurransen fell i smak hos juryen.
Gratulerer med førsteplassen jenter! - Sjekk vedlegget med tekst på sangen som jentene har laget!