[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane tar imot Vik

Forfatter: Svein Kristiansen

28. august 2015

Fotball
News article image

Laurdag 29. august kl 14.30 tar Sandane imot Vik til seriekamp i 4. divisjon.

Vik ligg utsett til nest nederst på 4. divisjonstabellen, men vi trur ikkje det blir enkel match for Sandane. Vik kjempar for eksistensen i divisjonen, og har nyleg slått Dale på bortebane (2-3) og tapt 3-4 for Skavøypoll. Denne veka vart det eit klart tap 0-4 for Førde 2 i Førde, og det vert såleis ei travel veke med to relativt lange reiser for vikjene. 

Sandane har løfta seg etter den svake kampen mot Høyang, og har to strake sigrar (Førde 2 og Kaupanger). Det kan fort bli nye poeng laurdag. Ein føresetnad er at vi får sjå eit Sandanelag som vil duellere og samtidig spele sitt spel.