[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

G12: Sandane 2 spela uavgjort

Forfatter: Svein Kristiansen

24. september 2015

Fotball
News article image

Med få minutt igjen å spele varta Sivert Fure Skinlo opp med ikkje ei, men to matchvinnarredningar.

Då var stillinga 3-3 i kampen mot Breimsbygda, og heimelaget Sandane 2 stanga og stanga for å få det avgjerande vinnarmålet. Breimsbygda satsa på lange ballar mot Sandane 2 sitt mål, og då det glapp den eine gongen var det godt å ha ein solid sisteskanse. Breimsbygda sin spiss kom åleine mot Sivert, som  låg langstrak og leverte ei praktredning. Det påfølgande skotet hadde han også kontroll på. 

2003-årgangen til Sandane er full av flinke fotballspelarar, og det er ikkje mindre enn tre lag med i seriesystemet. Sandane 2 viste seg som eit velspelande lag, spelarar med gode tekniske ferdigheiter og god speleforståing. Veldig moro å sjå slik fotball!