Enivest IFO
Kven fortener å bli årets Fair Play-lag i STIL Fotball?
Forfatter: Adminstrasjonen
18. september 2025
Fotball
Kven fortener å bli årets Fair Play-lag i STIL Fotball?
No har du sjansen til å løfte fram det gode arbeidet som blir gjort i ditt lag! Vi oppmodar alle trenarar, lagleiarar og foreldre til å nominere det laget dei meiner fortener Årets Fair Play-pris i STIL Fotball.
Frist for innsending: Torsdag 2. oktober kl. 19:00
Send nominasjonen til: [email protected]
Kva kjenneteiknar eit Fair Play-lag?
Eit lag som:
- Skapar tryggleik og inkludering for alle spelarar
- Gir rom for ulikheiter i føresetnader og ferdigheitsnivå
- Bidreg til gode og trygge kampar med respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum
- Handterer utfordringar på trening og i kamp på ein konstruktiv måte
Du treng ikkje oppfylle alle punkta – det viktigaste er å vise fram det gode arbeidet som blir gjort!
Premie:
Vinnarlaget får ein pizza-kveld og prisen blir delt ut i pausen på damelaget sin A-lagskamp mellom Sandane - Selje/Åheim fredag 3. oktober 2025.
Nytt høvet til å løfte fram det positive – kven vil du nominere?