SENTERPARTIET
Forfatter: Svein Kristiansen
09. september 2015
-Vi legg merke til arbeidet som STIL og andre idrettslag gjer, og vi skjønar at Kvalitetsklubbstatus og andre utmerkingar ikkje kjem av seg sjølv, seier ordførarkandidat Leidulf Gloppestad. Han vil gjerne vere tilretteleggar og støttespelar.
-Eg ser idretten som ein viktig del av kulturlivet i Gloppen, og som er med på å gjere Gloppen til ein attraktiv plass å bu. Idretten har stått sterkt i alle år i Gloppen. Vi har sterke, aktive idrettslag og det er veldig flinke folk som arbeider i idrettslaga, seier Senterpartiet sin ordførarkandidat, Leidulf Gloppestad. Han slår fast at vi har fått gode idrettsanlegg på plass i Gloppen, noko som har vore viktig for Senterpartiet.
Gloppestad kommenterer (med rette) at nokre av spørsmåla i «Tippekupongen» treng noko meir presisering før dei kan ta stilling til dei.
Leidulf Gloppestad gjev elles honnør til STIL, som set fokus på politiske spørsmål på eiga heimeside. – Det er veldig kjekt å få fokus på politiske spørsmål andre stader enn i lokalavisa, seier Gloppestad.
Senterpartiet sin ordførarkandaidat har elles merka seg STIL sin kvalitetsklubbstatus, og at klubben vart plukka ut som Noreg sin kandidat til UEFA Grassroots Awards 2015. –Vi ser at arbeidet som er lagt ned med anlegg og i klubbutvikling også vert lagt merke til nasjonalt. Den jobben de gjer kjem ikkje av seg sjølv, og det gler oss å sjå kva resultat ein solid dugnadsinnsats kan gje. Det er viktig at vi andre aktørar ikkje trur at dette kjem av seg sjølv, seier Gloppestad. Som politikar ser han for seg betydninga av å vere tilretteleggar . -Samtidig vil vi ikkje gløyme å vise at vi verdset det arbeidet som vert gjort.
- Støtte opp under frivillige organisasjonar som gjer viktig arbeid knytt til helse- og omsorgstilboda
- Stø frivillige organisasjonar som driv arbeid for barn og unge
Derfor godt med nokre utdjupingar. Her er Senterpartiet sine svar på STIL sine spørsmål:
|
Vil du i løpet av valperioden … |
H |
U |
B |
|
… aktivt sikre areal til idrett, anlegg og fysisk aktivitet? |
x |
|
|
|
… sørge for at allereie eksisterande anlegg får driftstilskot og tilstrekkeleg vedlikehald? |
x |
|
|
|
… å legge til rette for spleiselag mellom sektorar for å få fleire anlegg? |
x |
|
|
|
… å sørge for at prioriterte anlegg vert realisert? |
x |
|
|
|
… støtte ei oppgradering/opprusting av Idrettsplassen på Sandane? |
|
x |
|
|
… å sørge for gratis trening for alle barn og ungdom i alle kommunale anlegg? |
x |
|
|
|
… gje idrettslaga i kommunen aktivitetsstøtte? |
x |
|
|
|
… sørge for at kommunen formaliserer samarbeidet med idrettsrådet gjennom ein avtale? |
x |
|
|
|
… sørge for at Gloppen kommune inngår ein avtale med STIL om drifta av Idrettsparken? |
|
x |
|
|
… gå inn for auka fysisk aktivitet i skulekvardagen? |
x |
|
|
|
… sette meir fysisk aktivitet på timeplanen? |
x |
|
|
|
… sørge for at skulane har kompetent personell i kroppsøving og til å tilrettelegge for meir fysisk aktivitet? |
x |
|
|
|
… at idrettslag som bidreg inn mot skulen eller SFO vert kompensert økonomisk? |
|
x |
|
|
|
Ja |
Veit ikkje |
Nei |