Det rakna mot slutten
Forfatter: Svein Kristiansen
03. september 2016
Sandane var med i kampen i 70 minutt,og yppa seg mot Eid. Men med 4 mål på 10 minutt på tampen av andre omgang, vart det ein fortent siger til Eid, som med det tok over serieleiarposisjonen.
Sandane – Eid 1-6 (1-2)
4. divisjon
1-0 (13. min) Jonas Denk
1-1 (27. min) Joakim Vedvik
1-2 (28. min) Vebjørn Høynes
1-3 (78. min) Daniel Myklebust
1-4 (81. min) Kristian Lefdal
1-5 (84. min) Daniel Myklebust
1-6 (88. min) Daniel Myklebust
Dommar: Marianne Laugerud, Førde (god)
Sandane: Simon Gimmestad, Anders K. Silden, Martin Svarstad, Håkon Schjølberg (Gudmund Bjotveit frå 64. min), William Landøy, Jon V. Byrkjedal, (Abraham Johnny frå 76. min) Arne Morten Vilnes Øen, Eirik Rauset, Petja Cink (Ingebjørn Mundal frå 46. min) (Kristian Møll, 90 min), Jonas Denk, Anders Frøyen.
Sandane gjekk respektlaust til verks i 4. divisjonsoppgjeret mot Eid laurdag ettermiddag. Heimelaget kom godt ut frå start og hadde faktisk eit spelemessig overtak. Spelarane duellerte og var verkeleg på frå start. Det var ikkje heilt ufortent at det vart 1-0 på ein situasjon der Sandane fekk betalt for viljen til å vinne ball. Det kunne fort stått 2-0 då Anders Frøyen kom åleine med keeper, men han klarte ikkje å overliste Frislid i Eids mål.
I staden såg vi at Eid fekk samla troppene og begynte å få til meir av sitt eige spel. I løpet av to minutt var kampbiletet brått snudd, og Eid kunne kontrollere inn til 2-1 ved pause.
La oss understreke med ein gong at Eid var det førande laget og spelte ein svært godt andre omgang. Men sjå om ikkje STIL klarte å stresse dei gulkledde, og Sandane skapte også eigne sjansar. Men medan det blir mykje nesten for STIL, vart det meir handfaste saker for Eid. Dei spela seg kampen igjennom til ei rekke cornerar, utan at det vart teljande resultat av dette. Eid fekk tildelt straffe i andre omgang, men Simon Gimmestad heldt liv i Stil-vona med ei fin redning. Håkon Schjølberg måtte forlate bana midtvegs i andre omgang.
STIL gjorde nokre omrokeringar i laget, og det siste kvarteret av kampen var Eid heilt suverene i det som skjedde på bana. Gang på gang sklei dei igjennom STILs forsvarsrekker, og det heile enda med 1-6 tap. Skuffande for Sandane med ei slik avslutning i det som lenge var ein svært godt gjennomført kamp.
-Eid er eit betre lag, men vi gjennomførte kampplanen godt fram til 70 minutt var spela, seier STIL-trenar Øyvind Hervik. -Vi heldt strukturen i laget og det var nerve i kampen heilt til det rakna litt på slutten, seier Hervik.
Hervik og alle som såg kampen vil måtte framheve førsteomgangen som svært positiv for STIL sin del. Det same gjeld deler av andreomgangen. STIL skaper sjanser, men det blir ofte kun nære på. Dei heilt klare sjansane uteblir, sjølv om også STIL har sine store sjansar. STi'L misste litt av trykket då dei gjorde sine bytter og spelarar skulle inn i nye posisjonar. -Det er ein vanskeleg kamp å kome inn i. Eid trykka hardt på og det skulle verkeleg noko til å stå imot det presset dei la på STIL mot slutten av kampen, seier gutetrenar Jan Ove Ødven i ein kommentar.
LIVE frå kampen: Firda