[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

J17 i A-finalen i Sparebanken Vest Cup

Forfatter: Gro Pleym Iversen

21. januar 2024

Fotball
News article image

Ein fantastisk innsats av STIL-jentene

J16/17 i A-finalen i Sparebanken Vest Cup

Flott dag i Nordfjordhallen under Sparebank Vest Cup i dag. Vinner alle 4 innleiande kampane. Måløy 1 slo vi 2-0, Måløy 3 1-0, Selje/Åheim 3-0 og siste kamp mot Måløy 2 vinn dei 4-1. Dermed direkte til A-finale. Måløy 2 møtte så Måløy 3 i semifinale. Her vinn Måløy 2 etter straffekonkurranse.

I finalen er ikkje jentene like fokuserte og nervøse, samtidig som Måløy 2 er veldig effektive. STIL har fleire store sjanser, men en god keeper og litt uflaks gjer at Måløy 2 vinn 4-1. Men alle jentene gjer en fantastisk innsats og skal vere stolt over prestasjonen i dag. Spesielt kjekt at vi fekk med keeper i siste liten!

Stas med mødre på tribuna som også høyrdes 😊⚽️

Helsing trenarteamet

Steinar Holvik og Hilde Olave Sætren