[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane møter topplaget borte

Forfatter: Svein Kristiansen

21. september 2018

Fotball
News article image

Mandag møter STIL tabelleiar Syril til kamp i Sogn. Dette er ein kamp STIL verkeleg ser fram til!

Syril har hatt ein svært god sesong, fekk forsterkningar i vårsesongen og har imponert med sin stabilitet. Det skal rett nok seiast at Syril i haust har vist klare svakheitsteikn, med nestenulukker mot fleire av botnlaga. 

På heimebane har Syril ikkje avgitt poeng denne sesongen, så når STIL aktar å gå i strupen på dei gule og svarte syrstrendingane, kan dei vente seg god motstand. Syril og Høyang ligg best an i kampen om opprykk, og for Sandane er det greitt at poengtap ikkje kan tolast. Syril vil med seier vere klar for 4. divisjonsspel i 2019. Sandane har allereie samla fleire poeng enn dei gjorde i heile fjorårssesongen, og det er små marginar som har hindra ei betre tabellplassering i haustinnspurten. Til kampen i Sogn mønstrar dei ei mannsterk tropp som Torbjørn Gran utan tvil kjem til å mane til kamp. Vi trur på poeng og at spenninga framleis lever når mandagens kamp er over.