Enivest IFO
Hyen let seg ikkje skubbe av Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
31. mai 2016
Fotball
Eit robust Hyen tok ein enkel seier mot Sandane 2.
Hyen - Sandane 2 3-0 (3-0)
6. divisjon
Hyen stadion
Hyen kom greitt til poenga mot Sandane 2 tysdag kveld. - Vi er ikkje tøffe no, uttalte Sandane-spelar Kristian Møll etter kampen, og han får medhald av trenar Torbjørn Gran. - Vi er for seine i duellane, og manglar litt på innstillinga til kampen og det vert for lite aggressivt og for lett for eit robust Hyen-lag, seier Gran.