[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STIL rysta Stryn

Forfatter: Svein Kristiansen

08. juni 2016

Fotball
News article image

Gutelaget hadde Stryn i kne på Idrettsplassen. -Årsbeste av gutane, melder Sandanetrenar Jan Ove Ødven.

Sandane - Stryn

G15-16 1. divisjon

Idrettsplassen

0-1  (33. min)

1-1 (55. min) Abraham Johnny

2-1 (60. min) Abraham Johnny

2-2 (65. min)

2-3 (79. min)

2-4 (80. min)

Dommar: Jostein Christian Haugland, Haugen IL

Sandane: Sivert Johan Gimmestad, Elias Kvalsvik Haugen, Magnus Ødven Grytting, Tommy Flølo, Sondre Bruland, Kevin Huus, Edin Myhre, Magnar Slagstad, Nimrod Issac, Mathias Varpe, Filip Pleym Mardal, Mathias Buene, Aron Rauset Skogli, Kurt Røyseth Seime, Abraham Johnny, Kristoffer Hjelle.

Sandane har hatt ein tøff sesong i 1. divisjon, og ingen forventa at laget skulle hamle opp med tabelltoar Stryn i deira tredje innbyrdes kamp denne sesongen. Dei to føregåande oppgjera har enda med 2-8 og 1-6 i favør Stryn.

Men onsdag kveld var det Sandane som kom best i gang. Alt i det andre minutt var Aron Skogli nær ved då ein pasning kom hans veg i feltet, men den gode midtstopparen fekk aldri ein fot på ballen. Etter eit kvarter kom Filip Pleym Mardal åleine mot Strynekeeperen, men var hardt pressa bakfrå og strynekeeper Marius Arntsen kom fint ut og fekk avverga. 

Men Sandane hadde slått an tonen, og det var ein kalddusj då Ole-Ivan Glosvik Espeland fekk gå upressa framover. Det ryggande Sandaneforsvaret måtte sjå at Stryn gjekk opp i 1-0.

Stryn hadde fleire gode angrep der ballen gjekk kjapt mellom spelarane og dei kom også til fleire gode mogelegheiter. STILs midtforsvar gjorde imidlertid ein god jobb og bakerst var Sivert Gimmestad solid. 

Sandane opna friskast i andre omgang, og det var ikkje ufortent då Abraham Johnny drog seg igjennom Stryns forsvar og sette ballen kontant bak Stryns målvakt. Den same Abraham gjentok bedrifta fem minutt seinare etter eit glimrande STIL-angrep, med fleire spelarar i angrep mot eit Stryneforsvar i ubalanse. Kristoffer Hjelle leverte flott  til Abraham som verkar sikker som banken når han får sjansen.

Sandane hadde sjansen til å punktere kampen berre fem minutt seinare. Eit stadig meir frustrert Strynelag måtte sjå at Sandane stadig sette dei under press. Eit angrep med lynraske Tommy Flølo var kanskje dagens flottaste: Flølo opp og forbi sin back, legg utan å nøle perfekt inn i feltet. Ved bakerste stolpe tima Nimrod Issac løpet sitt  og heddinga hans hadde fortent betre: ballen small i stolpen bak ein utmanøvrert Arntsen i Stryns mål. Returen i feltet gav Abraham Johnny kampens aller beste sjanse til skåring. Frå god posisjon sette han imidlertid ballen til side for stolpen. 

Nedtur for STIL, og meir nedtur skulle det bli: Stryn gjekk rett i angrep og sette inn utlikninga til 2-2. 

Etter dette bølga kampen fram og tilbake, men med eit overtak for Stryn, som såg ut til å sjå mørkt på utsiktene til poengtap på Sandane. I sluttminutta glapp det for Sandaneforsvaret. Eit langt framsspel like før slutt var dessverre ingen i blått i stand til å klarere, og dermed sto det 2-3. I sluttsekundet vart det 2-4 på eit langskot. 

Sandane spelte ein svært god kamp og hadde fortent poeng mot eit jamt Strynelag. Kampen må likevel vere ein flott opptur for Jan Ove Ødvens mannskap. -Dette var årsbeste av gutane, og vi hadde verkeleg sjanse til poeng i dag, seier Jan Ove Øden, som var svært nøgd med innsats og den spelemessige framgangen. 

Laget har sjølvsagt forbetringspotensiale. Med større besluttsomheit til å angripe ballen tidleg ville fleire av Stryns mål vore unngått.  Vi vil også gjette på at grunnteknikk (mottak/ballkontroll) og tempo (raskare opp i ballen/motstandaren) vil vere tema i treningsarbeidet framover. Men i dag må fokus først og fremst vere: STIL var i lange periodar av denne kampen fullt på høgde med Stryn, og kunne med litt hell og dyktigheit tatt sin første seier i årets serie. Blant mange gode på laget merka vi oss Kristoffer Hjelle, som ruva på midtbana då STIL gjorde ei formasjonsendring i andre omgang. Forsvaret er nemnt, og periodevis flott når laget kjem raskt framover med gode initiativ og ballberøringar. Kampen viser at laget er i framgang, og det er berre å stå på vidare. Poeng alt i neste veke?