-Vi skal henge med i teten
Forfatter: Svein Kristiansen
25. april 2022
STILs herrelag har imponert i treningskampane. Lagsapparat har tru på ein god sesong for dei blå.
Tekst: Simon Gimmestad, Odd Bjarne Tveit og Bjarte Skaaden
Alle foto: Stig Høynes, Haugen Fotball
Godt å kunne melde at treningsvinteren 2022 har vore merkbart betre enn tidlegare år med tanke på oppmøte på trening. Vi har utvida troppen med nye signeringar, aktivert inaktive spelarar og henta heim fleire tidlegare STIL-spelarar. Dei største utfordringane vi har hatt i år er sjølvsagt covid, og at det var ein kald vinter med mykje snø. Men takka vere kaldhallen har vi likevel hatt ein god treningskvardag.
Det gledelige med at STIL har eit B-lag igjen, er at det no er konkurranse om å komme med i ein A-tropp, som no består av 24 spelarar med ein snittalder på 23,3 år. Det er ei fin gruppe med god blanding av rutine og ungt pågangsmot. Vil tørre å påstå at det er den eldste gruppa STIL har hatt på ei god stund.
I vinter har vi kun spelt to treningskampar, noko skuldast av at vi kom litt seint i gong med storbanespel ute pga snø og at vi var nokså utsatt for skadar. Nytt lag med mange nye spelarar viste seg å fungere godt.
Første kamp møtte vi Jølster i den nye Skeihallen. Etter å ha slått Jølster på deira eigne premiss, knallhard jobbing og duellspel- reiste vi heim igjen med 7-0 og ein fullt fortent siger. Spelemessig var det mykje å hente. Noko anna ville vore rart etter treningstilhøva i vinter. Vi viste likevel at det er mykje kvalitet i begge endar av bana.
I andre treningskamp møtte vi Måløy FK i Deknepollen. Igjen viser vi at 4. divisjonslag ikkje er umoglege å slå. Godt gjennomført kamp både defensivt og offensivt. Kontringssterke, kompakte og stor vilje er tre stikkord ein kan dra fram frå denne kampen. Samtlige spelarar viser at dei ønskjer å vinne kampen. Ein god eigenskap.
Sluttresultat: Måløy FK – STIL 2-5
Forventning til årets sesong er at vi skal henge med i teten. Opprykk er ikkje utenkeleg. Enkelt og greitt.
Sandane opnar med heimekamp mot Hafslo søndag 1. mai kl. 15.00.
Her er STIL si tropp:
Keeper: Sebastian Uribe, Johannes Kvia & Almar Færseth
Forsvar: Sivert Skinlo, Sindre Fjellestad, Magnus Bolseth, Magnar Slagstad, John Henning Gotteberg, Torbjørn Gran, Oliver Skinlo Evebø, Eirik Rauset og Kristoffer Kaale
Midtbane: Robert Vik, Tore Tveit, Vegard Holen, Jonas Løvland, Nicolai Aske Granheim, Martin Hukset og Andreas Heggedal.
Angrep: Mads Wie, Hallvard Bjotveit, Sander Skogli, Nimrod Issak og Petja Cink