[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kanskje ein på ditt lag?

Forfatter: Svein Kristiansen

01. mai 2022

Fotball
News article image

Kjenner du nokon som gjennom sin veremåte bidreg til lagånd og fellesskap? Som bidreg til å gjere andre gode? Kanskje er det han eller ho som får månadens Fair Play-pris for mai månad!

I 2022 vil det bli delt ut ein Fair Play-pris kvar månad i sesongen.

Fair Play og respekt er fotballens kjerneverdiar, og vi ønskjer at spelarar, trenarar, klubb og foreldre skal sjå dette viser att i STIL-kvardagen. Gjennom utdeling av månadens Fair Play-pris ønskjer vi å skjerpe klubbens blikk for dei som gjennom sine haldningar og veremåte bidreg til eit meir inkluderande og tryggare fellesskap i STIL.

I STIL fotball legg vi vekt på at alle skal kjenne seg trygge og inkluderte på trening og i kamp.

Kvar månad vil vi kåre ein person som får månadens Fair Play-pris i STIL fotball. Vi ønsker eit forslag frå kvart av laga i aldersbestemt fotball og vaksenfotballen. Vi ønsker nominasjon på spelarar, støttespelarar og andre som bidreg til eit inkluderande fellesskap, trivsel i laget, og som har eit spesielt blikk for laget sitt, for eksempl gjennom at dei

  • Bidreg til at andre blir inkludert i laget og treningsgruppa
  • Bidreg til å gjere andre gode
  • Ser dei andre på laget og bidreg til at dei føler seg ivaretatt
  • Har ei positiv haldning til dommarar, trenarar og støtteapparat
  • Viser respekt og omtanke for medspelarar, trenarar, lagsapparat, dommarar og motstandarar
  • Kanskje har vist spesiell sportsånd i trening og kamp

Kåringa skal sette fokus på dei gode enkelthendingane i fotballkvardagen – og som gjer fotballbana til ein betre stad å vere for store og små.

Kjenner du nokon som gjennom sin veremåte bidreg til lagånd og fellesskap? Som bidreg til å gjere andre gode? Tips trenaren eller lagsapparat!

Trenarar/lagleiarar: Send ditt forslag til Månadens Fair Play-pris til [email protected]

FRIST for innsending i mai: 20. mai.

Trenarar/lagleiarar: Send ditt lags nominasjon til leiaren i Fair Play-utvalet, Svein Kristiansen. (e-post: [email protected] )