[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Breimsbygda/Jølster 2 - Sandane 2 5-4 (2-1)

Forfatter: Svein Kristiansen

14. juni 2016

Fotball
News article image

Breimsbygda/Jølster 2 var tidleg i leiinga, men slapp Sandane 2 inn igjen i kampen i andre omgang. Men frå 2-2 var det Breimsbygda/Jølster 2 fram til Sandane 2 sette inn ein sterk sluttspurt. (oppdatert)

Breimsbygda/Jølster 2 - Sandane 2 5-4 (2-1)

1-0 (2. min) Sindre Willumsen

2-0 (18. min) Kjetil Løkke Vie

2-1 (30. min) Sebastian Bujnicki

2-2 (53. min) Sverre J. Løken

3-2 (68. min) Daniel Klakegg

4-2 (76. min) Daniel Klakegg

5-2 (78. min) Tormod Årdal

5-3 (86. min) Torbjørn Gran 

5-4 (90. min) Sebastian Bujnicki

Dommar: Muhamat Barlla, Eid 

Gule kort: Roar Willumsen og Sindre Willumsen, Breimsbygda/Jølster 2. Petja Cink og Marius Moritsgård, Sandane 2.

Det vart ein rar fotballkamp der laga veksla om å føre an spelemessig. Sandane hadde ballen frå start i kampen. På sitt første oppløp fekk Breimsbygda frispark. Dette slo Stian Kvellestad hardt og godt inn mot mål. Der venta Sindre Willumsen som ekspederte ballen nydeleg vidare i nota. Etter dette var det Breimsbygda/Jølster 2. Sandane 2 var på etterskot i duellspelet og skapte lite framover.  Kjetil Løkke Vie ordna 2-0 for heimelaget då ein corner vart sett rett i mål. Etter ein halv time utnytta Sebastian Bujnicki eit svakt tilbakespel mot keeper. Med 1-2 var det ny spenning i kampen. Sandane 2 var klart betre med i siste del av førsteomgangen. 

I andre omgang var det Sandane 2 som starta best, og fekk betre tak på midtbanespelet. Utlikninga til 2-2 kom då Egil Brekke vann duellar på eigen halvdel. Han la ein perfekt ball i bakrom for Sverre J. Løken. Han lobba ballen over ein utrusande keeper og i mål. 

Breimsbygda/Jølster 2 var farlege på overgangar, men leiarmålet til 3-2 kom etter at ein lang ball fekk gå igjennom heile feltet utan klarering i STILs forsvar. Der fekk Daniel Klakegg ein enkel jobb med å sette ballen i mål.

4-2 kom etter det vi kom då Sandane 2s målvakt befann seg alt for nær midtstreken. To minutt etter kom 5-2 då eit langt innlegg, igjen til bakerste stolpe der Tormod Årdal avslutta eit flott løp med ei grei skåring.

Sandane 2 skal ha for ikkje å ville gje opp. Det vart redusering i det 79. minutt ved Torbjørn Gran. som lurte eit langskot inn ved stolperota.  

Sandane 2 pressa på for fleire utlikningar i sluttminutta, og på overtid sette Sebastian Bujnicki inn reduseringa til 5-4. Det som ei stund såg ut som eit klart tap, vart dermed eit nederlag med knapp margin. Fleire av STILs baklengsmål var av det svært billege slaget. Ute på bana vil underteikna gje eit ekstra pluss til Egil Brekke og Torbjørn Gran. Svært god kamp av begge nestorane. Petja Cink var periodevis mykje delaktig i det som skjedde framover på bana. 

- Når vi spelar slik vi skal, ser vi at vi er gode nok, men i dag var det heilt unntaksvis. Når Breimsbygda/Jølster 2 er så fysiske i spelet sitt, blir vi bokstaveleg tala smågutar. Det handlar om å utføre oppgåvene sine. Kvar enkelt spelar må gå i seg sjølv, uttaler Sandane-trenar Torbjørn Gran like etter kampslutt.