[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Super laurdag i Idrettsparken

Forfatter: Svein Kristiansen

11. oktober 2015

Forside
News article image

Det vart ein super dag i Sandane Idrettspark då klatreparken vart opna, knøttane avslutta sesongen med barn og foreldre i festhumør og både Sandane og Norge vann sine fotballkampar.

Heile 250 møtte opp for å sjå fotballandskamp på storskjerm; Norge - Malta. Fotballhallen er ein glimrande arena for denne typen arrangement, men det er greitt å kunne slå fast at årstida krev at ein kler seg etter utetemperaturen.

Tidlegare på laurdagen var eit stort publikum vitne til at Sandane slo Tornado Måløy for første gang på svært mange år. 

Klatreparken vart opna med talar og smell, og knøtteavslutninga baud på moro og underhaldning. Ein storarta dag for idrettslaget vårt!