[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane overkjørt i Skavøypoll

Forfatter: Svein Kristiansen

23. september 2016

Fotball
News article image

Corner er mål, heiter det, og Sandane fekk ein leksjon i dette i kampen mot Skavøypoll.

Skavøypoll - Sandane 5- 0 (2-0)

Sandane sitt mannskap vart eit nummer for små i duellane framfor mål. Det sto 2-0 til pause, og Skavøypoll putta på med 3 nye mål i andreomgangen. Det var ein fullt fortent siger, sjølv om Sandane både i første og andre omgang hadde store sjansar til å sette ballen i mål. Men det er den store vansken i årets sesong. 

-Vi kunne leia med både to og tre mål før Skavøypoll fekk sitt første, seier trenar Øyvind Hervik i ein kommentar. Han konstaterer at Skavøypolls fysikk og duellstyrke var tilstrekkeleg for å sette Sandane på  plass. 

Les meir frå kampen i vår LIVE-oppdatering.