Sandane slo tetlaget
Forfatter: Svein Kristiansen
27. juni 2015
Førde 2 kom til Sandane for å innta topplassen i divisjonen, men vart bokstaveleg tala stoppa på Idrettsplassen.
Kampfakta:
4. divisjon
Idrettsplassen
Sandane - Førde 2 1-0 (0-0)
MÅL:
1-0 (46. min) Jonas Denk
Dommar: Per Oddvar Lien, IL Høyang
Gult kort: Isak Gangeskar Solheim, Sandane.
Sandane: Simon Gimmestad, Håkon Schjølberg, Kyrre Vereide Kroken, Anders Kleppe Silden (Sander Nesdal frå 65. min), Vegard Krøvel Flatjord, Martin Svarstad, Jonas Denk, Erlend Ødven Laurhammer (Tarjei Bjørkum Vereide), Jon Vegard Byrkjedal, Gudmund Bjotveit (Isak G. Solheim frå 46. min), Ingebjørn Mundal. Bjotveit og Silden inn igjen mot slutten av kampen.
Førde 2: Fredrik Hansen, Thomas Hafstad, Vegard Steen Eikeland, Øystein Riksheim Østvik, Arne Morten Vilnes Øen, Brage Sandvoll, Elias Øvretveit Larsen, Kristian Walaker, Sondere Sandvoll, Kristoffer Angedal, Fredrick Rørstadbotnen, Marius Storevik, Niklas Helgheim, Runar H. Vikum, Oskar Roti., Martin Berge, Bjørnar Skildheim. (Alle reservar benytta)
Sandane opna godt og spelte seg til ein stor sjanse og fire cornerar i løpet av dei fire første speleminutta. Førde 2 strevde med å kome i gang med sitt spel, men utover i første omgang sat det betre. Siste halvdel av første omgang var Førde 2 sin. Men bylaget strevde med å kome til større sjansar. Sandane var farleg frampå ved fleire høve, men ein god Fredrik Hanssen i Førde 2 sitt mål var vanskeleg å overliste.
I andre omgang sjokkopna Sandane. I første angrep gjekk ballen fint frå mann til mann langs høgresida. Ballen vart lagt ut til Jonas Denk som iskaldt plasserte ballen i lengste hjørne. Dermed var tonen satt. Førde 2 heldt fram med sitt spel, men også i andre omgang sleit dei med å få til det siste. Dagens midtstopparpar, Håkon Schjølberg og debutant Kyrre Vereide Kroken storspela, og sistnemnde vart heilt fortent kåra til dagens STIL-spelar.
Førde 2 pressa hardt på for å få ei utlikning, men det ville seg ikkje. Vi noterte ein stor sjanse og ei rekke skotforsøk frå Førde 2s spelarar. Også i denne omgangen var det Sandane som kom til dei fleste sjansane, utan at dei klarte å overliste Hanssen fleire gonger.
Sandane har no to sigrar på rad etter ein tung periode med poengtap. Laget har løfta seg vesentleg, og trass i at mange spelarar er fråverande og skadde held laget god fasong. -Laget viser god moral og vi gjennomfører kampplanen til punkt og prikke, seier trenar Øyvind Hervik etter sesongens herlegaste seier.
Les meir om kampen i vår LIVE-dekning. Der finn du også fleire trenarkommentarar.