[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Saman reddar vi liv!

Forfatter: Adminstrasjonen

22. oktober 2026

Fotball
News article image

Saman reddar vi liv!

Fredag 16. oktober markerte Gutar 13/14 i STIL Fotball verdas hjarte- og lungeredningsdag med praktisk øving i hjarte- og lungeredning.

Øvinga er ein del av arbeidet med å gjere klubben tryggare for alle. Kvart år skal spelarar frå 13 år og oppover, saman med trenarar, lagleiarar og andre i lagapparatet, få øve på kva dei skal gjere dersom nokon får hjartestans.

STIL Fotball er med i prosjektet «Sammen reddar vi liv». Gjennom prosjektet har klubben fått hjartestartarar, varmeskap og opplæringsutstyr. Med øvingsdukker og treningshjartestartarar kan spelarane og lagapparatet få praktisk trening i både hjarte- og lungeredning og bruk av hjartestartar.

Målet er at fleire skal kjenne seg trygge på å gi rask og riktig hjelp dersom ein alvorleg situasjon oppstår – både på og utanfor fotballbana. Jamleg øving er ein viktig del av dette.

STIL Fotball har to hjartestartarar tilgjengelege: éin i varmeskap i kaldhallen, som er tilgjengeleg heile døgnet, og éin på kjøkenet i garderobebygget. Begge er registrerte i Hjartestartarregisteret.

Foreldre og andre rundt laga er velkomne til å bidra med gjennomføringa av øvingane. Du treng ikkje helsefagleg bakgrunn – opplæring og materiell blir stilt til disposisjon.

Takk til spelarane og lagapparatet på Gutar 13/14 for innsatsen, og til alle som bidreg til tryggare rammer i STIL Fotball!

Les meir om prosjektet «Sammen reddar vi liv i idretten

Custom image
Custom image