[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

-Dette var bra!

Forfatter: Svein Kristiansen

29. august 2022

Fotball
News article image

Sandane sitt damelag med sterk borteseier mot Studentspretten.

Studentspretten - Sandane 0-3

-Dette var ein bra kamp av oss. Vi hadde god kontroll, var kompakte kampen igjennom og skapte mange sjansar, fortel STIL-trenar Jan Asle Rustøen frå Sogn. Blåtrøyene måtte klare seg utan Martine Kvamme i kampen, men det var aldri tvil om kvar seieren skulle gå. Sandane sine mål vart skåra av Kristine Lothe Rustøen og Karoline Hjelle (2).

STIL-damene er dermed på poengsporet igjen etter at det vart tap i haustsesongopninga mot Førde fredag.

Med på laget til Sogn var fire nye STIL-spelarar, to frå Jølster og to frå Stadlandet. To av overgangane var klare først i dag, og Lillian Johanna Prestvik og Andrea Årsheim Bakkebø fekk sin debut i STIL-trøya.

Sandane sitt lag: Kristina Hjelle, Helene Klakegg, Torine Langeteig, Thea Flatjord Sunde, Alva Johanna Heggdal-Verlo, Kristine Lothe Rustøen, Sara Lothe Rustøen, Karoline Hjelle, Katrine Bruland, Borgny Kristin Hetle, Malene Utheim. Innbyttarar: Azeb Abrha Habte, Lillian Johanna Prestvik, Andrea Årsheim Bakkebø og Regine Aa Sandal.

Foto; Arkivbilde, Stig Høynes, Haugen Fotball