[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Oppstryn - Sandane 2

Forfatter: Svein Kristiansen

28. april 2015

Fotball
News article image

Nederlag for Sandane på Lund stadion.

Sandane 2 starta tysdag kveld sesongen i 6. divisjon. Mannskapet tok turen til Lund stadion i Oppstryn. Fire dødballmål i mot avgjorde kampen.

 

Oppstryn - Sandane 2  4-2 (2-1)

Mål Sandane:  Sebastian Haugen og Sebastian Bujnicki (str)

Ei grøn, men humpete grasmatte gjorde det krevjande å få til spel langs bakken, vert det meldt frå vasskanten i Oppstryn.

Sebastian Haugen skåra Sandane 2 sitt første mål på eit fint skot frå 20  meter, medan Sebastian Bujnicki skåra på straffe etter at Ole Kristian Evebø vart felt.

Sandane 2 hadde dei tre største sjansane i kampen, om ein ser bort frå måla. På dødball var Oppstryn imidlertid svært så effektive.

Sandane 2-trenar Torbjørn Gran vil ikkje klage på banetilhøva, som var like for begge lag. -Men vi må ta sjølvkritikk for at vi ikkje har tatt førebuingane seriøst nok. Vi skulle ha trent på ein åker dei siste vekene før denne kampen, slik at vi kunne vore betre førebudd på det underlaget som venta oss.