E-fotball: Sandane ute av NM
Forfatter: Svein Kristiansen
16. februar 2022
Sandane 2, med Tobias Fuglestrand og Sander Skogli på laget, spelte mandag dei avsluttande kampane i runde 3 i NM i eFotball. Laget enda på femteplass i gruppa. Sidan berre fire lag gjekk vidare, er Sandane 2 no ute av NM.
Etter å ha kjempa seg vidare i NM i kamp med andre Vestlands-lag, møtte Sandane 2 og Eid lag frå heile landet i 3. runde. Kampane gjekk over to spelkveldar. Sandane spelte første keld uavgjort og vann ein kamp mot Fredrikstad, medan det vartt tap i kampane mot Raufoss og Smørås.
Mandag kveld spelte Sandane 2 to kampar mot Billefjord. Det vart først knipe tap (5-6), medan Billefjord i andre oppgjer vann 4-1. Dei to kampane mot Eid enda med ein seier til kvart av laga.
Dermed vart det ikkje vidare avansement denne gongen, men dei gode prestasjonane har forhåpentleg gitt meirsmak til begge våre lag.
Vi gratulerer med glimrande innsats!