[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Stortap mot Haugen

Forfatter: Svein Kristiansen

10. mai 2022

Fotball
News article image

Sandane 2 hadde eit håp om å bygge vidare på prestasjonen mot Stadlandet, men det blei ikkje levert nokon storkamp på kunstgrasbana tysdag kveld.

Tekst: Ingmar Sægrov Arkivfoto: Ingmar Sægrov

1 omg var prega av eit Sandane-lag med dårlege mottak, lite bevegelse og upresise pasningar. Dette førte til svært mange balltap i ugunstige situasjonar og Haugen med gode offansive spelar utnytta situasjonane på ein god måte. Heile 0-6 var stillinga til pause, ikkje eit mål for lite.

I pausa blei vi einige om å slutte å løfte handa og beklage for dårlege pasningar og heller legge litt meir konsentrasjon i utføringa. Vi gjekk ut i 2 omg med eit mål, å vinne omgangen. Det lykkast vi med. Jonas Løvland scora eit fint mål på frispark, Martin Hukset med eit fint mål frå distanse og Markus Heggheim var sikker når han kom aleine mot keeper. Haugen scorar 2 fine mål i 2 omg og dermed blei sluttresultatet 3-8.

Haugen var eit mykje betre lag enn Sandane 2 i kveld. Betre organisert, dei tok enkle val, gode pasningar og dyktige framfor mål. Haugen er nok det beste laget vi har møtt så langt i sesongen. Neste kamp for Sandane 2 er tysdag 24 april. Då er det ny bortekamp og vi håper vi fortsetter den gode flyten vi har på bortebane og så må vi løfte oss til neste heimekam