Enivest IFO
Damene slo tilbake!
Forfatter: Gro Pleym Iversen
29. august 2021
Fotball
Studentspretten - STIL 1-3 (1-2)
Målscorarar:
0-1 Sara Lothe Rustøen
0-2 Kristine Lothe Rustøen
1-3 Sara Lothe Rustøen
Det var en revansjesugen gjeng som reiste til Sogndal i dag. Sjølv om fleire spelarar mangla i troppen, så spelte dei ein veldig god kamp mot eit fysisk sterkt Student-lag!
Etter å ha blitt avblåst for 5-6 offside det første kvarteret fekk vi justert litt og da satt det første målet.
Vi har god kontroll og går opp i 2-0. Heilt på tampen av omgangen slepp vertane gjennom og reduserer.
Vi fortset i same sporet i 2. omgang og når den 3. scoringa sitte, så er kampen avgjort. I tillegg skapte damene eit par tre store sjansar som er veldig nær å gå i mål.
Vi gratulerer ⚽️