Korleis få 20% rabatt hos Intersport Sandane?
Forfatter: Gro Pleym Iversen
18. mai 2021
STIL fotball er oppretta i Intersport appen. Denne appen kan de nå laste ned på mobilen. Via appen får alle aktive medlemmar, trenarar, lagleiarar, dommarar, styremedlemmar og andre som gjer ein ekstra innsats for STIL fotball rabatt hos Intersport Sandane.
Rabatten er 20% på klubbsortiment, 15% på øvrig sortiment og 10% på ski/sykkel. Det blir ikkje gjeve rabatt på tilbodsvarer, trenings- og pulsklokker, el-syklar eller skipakker.
Appen Intersport finn de på Google Play eller i App store. Her legg de inn personopplysningar, går vidare til «profil» og finn STIL fotball med kode 2570 og veljer tilknytt. Ved å trykke på STIL fotball vil det komme fram kva medlemsfordelen er. Appen med scannekode vises i kassen og dette blir registrert. Føresette kan bruke rabatten på kjøp til barn som er medlem.
I appen vil de få mange gode tips og inspirasjon, og kvitteringane blir også samla under eigen profil.
Dokumentasjon på at
ein er medlem i STIL fotball (og har betalt medlemsavgifta) finn de i Spoortz
appen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om Spoortz appen.