Enivest IFO
Dale vart for sterke
Forfatter: Svein Kristiansen
26. mai 2022
Fotball
Dale slo Sandane 2-0 på Dingemoen.
Foto: Hanna Mardal
-Dette er ein kamp vi må lære av, men på same tid gløyme raskt, slår trenarane Bjarte Skaaden og Simon Gimmestad fast etter at dei måtte sjå STIL gå på eit tomålstap på Dingemoen. -I dag fekk vi ikkje til det vi hadde ønskje om å få til. Spesielt i første omgang var heimelaget gode, og vi var heldige som låg under med berre to mål til pause.
Dei siste 45 min. vart i større grad ein stillingskrig, men framleis med Dale som det skapande laget. Vi tapte like fortent som vi har vunne våre første kampar, seier Bjarte Skaaden.
Ny toppkamp om ei veke - borte mot Kaupanger. Då skal det bli revansje, lovar STIL-trenarane.