[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Gutespelarar inn i A-lagsgruppa

Forfatter: Svein Kristiansen

09. januar 2017

Fotball
News article image

Fem spelarar f. 2001 og 2002 trenar no med A-laget.

Det gror godt i ungdomsfotballen på Sandane, og det er ein ganske stor skare av unge talent på veg. Nyleg inkluderte A-lagstrenar Torbjørn Gran nye gutespelarar i A-lagsgruppa. Inn kjem 2001-modellane Nimrod Issac og Kristoffer Hjelle, i tillegg til Håvard Hauge og Filip Pleym Mardal (f. 2002). Abraham Johnny (f. 2001) er allereie etablert i A-lagsgjengen, og har alle sine treningar der.  

Trenar Torbjørn Gran forklarer at STIL satsar bevisst på å sine unge spelarar. Dei nye A-lagshospitantane skal delta på nokre av A-laget sine treningar, men samtidig delta på G17-laget sine treningar. - Det er stort for ungdomsfotballen i STIL å få opp desse spelarane. Dei er sultne og vil ha stort utbytte av å få smake på nivået, seier Gran.

-Dette er treningar med høgare intensitet enn vi er vane med og gir god matching for oss, seier gutane til heimesida.