[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Takle til topps

Forfatter: Svein Kristiansen

26. desember 2015

Fotball
News article image

Fjorårsvinnar 3 for 69 spelte seg til finalen også i år, men måtte gje tapt for veteranane i Takle i ein tett og spennande finalekamp.

Heile 18 lag deltok i det som har blitt ein årviss tradisjon på Sandane. Dessverre var det kun 3 damelag med, og som tidlegare år var Zlatans disipler i ein eigen divisjon, og gjekk gjennom seriespelet utan tap og utan å sleppe inn mål. 

På herresida vart det spela i 3 puljer og det var ei rekke jamne og gode oppgjer frå tidleg på dag til det nærma seg finaleomgangane ved 13-tida. Det var spesielt morosamt å sjå at dei unge yppa seg i pulje 3. 

3 for 69, Svigermors Draum og Real Støttepasning suste gjennom gruppespelet utan tap, sistnemnde utan å avgje poeng. Men dei var ikkje åleine. Overraskingslaget Gje ballen te Ottar gjekk like godt til topps i gruppa si, med same poengsum som Svigermors Draum. "Det beste laget i år" med Khaled Hakimi, Sebastian Haugen og Aaron Nyemah i sentrale posisjonar hanka jamt og trutt med poeng og kom vidare til kvartfinalespel. Nykommaren Julebukkjen viste seg å vere eit artig og velspelande bekjentskap. Laget viste fram mykje fint fotballspel og kom seg til kvartfinale. som andre beste trearlag. Beste trearlag var "Ditta blir møleg". Sørstrendingane var verkeleg i støtet i Trivselshallen, vann 2-0 kvartfinalen mot Gje ballen te Ottar før dei vart stoppa av sigersvante Coop-folk (3 for 69). 3 for 69 vann 1-0 i denne semifinalen.

Veteranlaget Takle måtte gje tapt mot Real støttepasning i gruppespelet, men etter dette var det skjerpings og ingen svakheitsteikn å spore. I ein velspela, tett og spennande semifinale mot Svigermors Draum trakk dei det lengste strået med 3-2.

I finalen var det svært så jamt, men det enda altså med 2-0 siger til Takle over 3 for 69. 

Romjulscupen er veldig morosam å følge. Spel på tre baner og masse publikum, kjempefint å få vere med.