STIL-AKADEMIET STARTAR OPP
Forfatter: Svein Kristiansen
05. oktober 2016
Mange har venta på dette, og no er det klart: Fotballakademiet startar opp igjen i månadsskiftet oktober/november. Det vert to grupper med 20 plassar, og gutar og jenter i alderen 10-13 år må no vere om seg.
STIL-akademiet har hatt eit opphald, men som mange vil hugse var akademiet eit svært populært tilbod gjennom fleire år. Akademiet som no vert starta opp vil vare fram til jul, og det vil vere trening 1 time i veka. Treningane foregår i storhallen i Trivselshagen.
Treningane har fokus på teknikkøvingar, og dei som har vore vitne til tidlegare akademi vil hugse imponerande framgang på kort tid hos dei unge utøvarane.
Det er ikkje noko krav til førehandskunnskap, nye deltakarar er svært velkomne.