[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Viktig melding frå valnemnda

Forfatter: Gro Pleym Iversen

09. februar 2022

Fotball
News article image

Nå er det kanskje din tur til å ta eit verv i fotballgruppa?

Her kjem ei viktig melding frå Terje Skaaden Felde som er leiar i valnemnda i STIL fotball:

Valnemnda arbeider for tida med å skaffe kandidatar til styre og komitear. Dette er ein viktig del av frivilligheita som får ting til å gå rundt. Her er vi heilt avhengig av at folk stiller på og gjer ein innsats.

Mange har barn/ungdommar som er engasjerte i fleire ulike idrettar og lag. Mykje av jobben blir dessverre gjort av nokre få over fleire år. Så oppmodinga er: Still på og ta ein tørn for fellesskapet.

Kvardagen er travel for alle, men om vi vil ha eit oppegåande system kring barna og ungdommane sitt aktivitetstilbod kjem ein ikkje unna å ta sin tørn. Difor oppmodar vi folk om å kome med gode forslag til folk vi kan spørje, - og ikkje minst seie ja til ein periode når spørsmålet kjem til deg.

Send gjerne inn forslag på deg sjølv eller andre til leiar i valnemnda eller kontakt ein av dei andre i nemnda.

  • Leiar: Terje Skaaden Felde, tlf. 90 04 07 38 /[email protected]
  • Medlemmar: Hege Ravnestad, tlf. 99 52 45 04 og Anny-Lene Omnes, tlf.91 31 96 80

Vi treng per i dag:

FIKS-ansvarleg. Denne rolla høyrer til i økonominemnda der Kjartan Aa Berge er leiar. Oppgåva går i hovudsak ut på å registrere og oppdatere spelarar og klubbroller i Fotballens Informasjons- og Kommunikasjons System (FIKS) og utføre overgangar av spelarar.

Arrangements koordinator. Denne rolla er ny og vedkommande blir ein del av fotballstyret der Gro Pleym Iversen er leiar. Vi ser for oss at oppgåva blir ein miks av det å planlegge, organisere, delegere og gjennomføre arrangement samt legge rammer for eiga deltaking på cup. NFF har som uttalt målsetning å auke kvinneandelen mellom anna i fotballstyra. Så vi oppmodar difor særleg kvinner om å melde si interesse for dette vervet.

Inkluderingsansvarleg. Dette er ei ny rolle i klubben som skal ligge til kvalitetsklubbgruppa der Torill Fjellestad er leiar. Jobben rettar seg mot å auke mangfaldet i alle ledd og roller i klubben.

Merkeansvarleg. Denne jobben kan gjerne delast på fleire. Oppgåva går ut på å merke bana på Idrettsplassen på våren og hausten i lag med kommunen. Når bana er merka, må strekane sprayast opp igjen minst ein gong i veka i sesongen.

Medlem til sportsleg utval. Ingmar Sægrov er leiar av sportsleg utval og gruppa er på jakt etter eit nytt medlem med interesse for fotball. Det er fint om SU får eit kvinneleg medlem.

Medlem til valnemnda. Valnemnda består av tre personar der ein person skiftast ut kvart år.

Sjå nærare om dei ulike rollene i Klubbhandboka