[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane LIVE

Forfatter: Svein Kristiansen

09. august 2015

Fotball
News article image

STIL har hatt livesendingar frå dei fleste av Sandane sine kampar i sju sesongar. Her kjem litt info.

Vi har hatt nokre tekniske problem både med den gamle heimesideløysinga og den noverande. Ved siste kamp var det nokre få som fekk opp sida då kampen starta, medan dei fleste ikkje fekk opp lenka til livesendinga. Det er sjølvsagt noko vi beklagar og vil ta opp med leverandøren av sida. 

Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på livedekninga vår, men ønskjer sjølvsagt at det tekniske skal fungere. Det fortener våre lesarar og liveskribenten vil også ha behov for å sleppe å fokusere på teknikk under kampane. 

Underteikna vil dessverre ikkje ha høve til å følgje alle STIL sine kampar i haust. Er det nokon som har ein journalist i magen vil vi gjerne ha kontakt!

I menyen oppe på sida vår vil du finne livereferatet frå siste kamp (og tidlegare kampar) under "Live fotball".