[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

-Tøffe i hodet!

Forfatter: Svein Kristiansen

07. juni 2016

Fotball
News article image

Sandane 2 tok ein sterk seier tysdag kveld, og trenar Gran tar fram godorda. Han ser unge spelarar stige fram.

Sandane 2 - Stadlandet/Åheim 5-2

6. div avd 3

Sandane Idrettspark, kunstgras

Dommar; Olav Næss, Stryn Turn og Idrettslag

Sandane: Arne Nybø Gangeskar, Johan Lothe, Jonas Sevilhaug Larsen. Espen Reed Lote Andreas Dyrrdal, Ruben Elvebakk Nesdal, Egil Brekke, Kristian Møll, Bjarte Kalvøy, Dag Ryland, Sverre Løken. Innbyttarar: Håvard Bergheim Holvik, Sebastian Haugen, Sebastian Bujnicki, Samson Vonen, Martin Kolseth Skaar.

Sandane 2 tok ein sterk seier mot Stadlandet/Åheim tysdag kveld. Trenar Torbjørn Gran konstaterer at laget gjekk i seg sjølv og fekk ut det som trengst for å vinne kampar: 

-Det handlar om innsats og å tore å trøkke til i duellane. Det var stort å sjå våre unge spelarar gå på bana og gjere akkurat det. Dei gjekk til med eit smell, og då vinn vi også kampar. Vi fekk spela rundt Stadlandet/Åheim og vi såg at vi vann igjen ballen etter balltap. Vi er tøffe i hodet og vinn kampen på det. 

Gran trekker fram midtstopparparet Jonas S. Larsen og Johan Lothe. -Dei spela som om dei var 23 år gamle. Gran gir også ros til Ruben Elvebakk Nesdal, som for høvet var plassert i ei offensiv rolle. -Han gjer mange riktige og kloke val og legg ned ein stor distanse i sin posisjon. Ein gjennombrotskamp for Ruben, konstaterer Gran, som også minner om at laget treng rutinen som Egil Brekke representerer. 

Tabell 6. div.