[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

SSF fornyar med STIL

Forfatter: Svein Kristiansen

24. september 2015

Fotball
News article image

Sparebanken Sogn og Fjordane held fram som STIL Fotball sin hovudsponsor. Ein treårig avtale vart nyleg signert av banksjef Odd-Kjetil Tonning og fotballsjef Sjur Gimmestad.

–Dette er svært godt nytt for Sandanefotballen. Sparebanken Sogn og Fjordane har vore vår viktigaste støttespelar i ei årrekke, og banken gjev oss eit gledeleg og tydeleg signal når vi no har inngått ein ny og gjensidig betra avtale, seier Sjur Gimmestad.  

Fotballeiaren understrekar at det langsiktige perspektivet som samarbeidet med Sparebanken Sogn og Fjordane ber preg av er svært viktig for klubben. - Den nye avtalen gjev oss ro i arbeidet med å utvikle Sandanefotballen vidare.  Sparebanken Sogn og Fjordane syner oss tillit, og den støtta vi får er ein heilt sentral grunnpillar i arbeidskvardagen vår.

–Vi ønskjer å bidra til at så mange som mogeleg vert stimulert til å spele fotball så lenge dei ønskjer det. Fairplay er sentralt for klubben vår. Vi ønskjer å vere eit sosialt knutepunkt som aktivt bidreg til å skape trivsel og samhald i lokalmiljøet, seier Gimmestad.

Custom image

STIL Fotball vart i 2014 den første klubben i fylket som oppnådde status som Kvalitetsklubb. Sandane vart også valt ut som Noreg sin representant til UEFA-kåringa «Best Grassroots Club» i Europa.