[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Simon Gimmestad forlengar med STIL

Forfatter: Administrasjonen

19. februar 2026

Fotball
News article image

Inn i sin femte sesong

Trenarteamet rundt A-lag herrer er klart, og kontinuitet er stikkordet også inn i 2026-sesongen.

Simon Gimmestad har valt å forlenge kontrakta si med STIL sitt A-lag herrer, og går dermed inn i sin femte sesong som hovudtrenar for dei blåkledde. Simon tok over ansvaret før 2022-sesongen, og var også ein del av trenarteamet som assistent under Magne Larsen i 2021.

Over fleire sesongar har Simon vore ein viktig bidragsytar til utviklinga av både spelestil, treningskvardag og spelargruppe, og klubben er svært fornøgd med at han ønskjer å halde fram i rolla.

I tillegg til trenargjerninga har Simon ei sterk tilknyting til klubben også som spelar, med heile 246 offisielle kampar i STIL-drakta – eit tal som vitnar om både lojalitet og lang fartstid i klubben.

Custom image

Espen Denk blir med vidare

Med seg vidare i teamet får Simon også assistenttrenar Espen Denk. Espen takka ja til rolla før førre sesong, og har no valt å forlenge engasjementet ytterlegare eitt år.

Espen har UEFA C-lisens og tek med seg mange års erfaring frå fotballen, både som spelar og trenar for ulike aldersbestemte lag. Han er ein tydeleg og engasjert trenar, og har vore eit viktig supplement i trenarteamet – både på feltet og i kvardagen rundt laget.

Også Espen har ein solid spelarhistorikk i STIL, med 209 kampar for klubben, i tillegg til nokre kampar for Sandane-Kameratane. Erfaringa hans frå klubbmiljøet gir ein ekstra dimensjon i arbeidet rundt A-laget.

Bjarte Skaaden inn i trenarteamet

Nytt for sesongen er at Bjarte Skaaden blir ein del av trenarteamet i ei mindre rolle. Dette er noko både klubben og resten av trenarteamet set stor pris på.

Bjarte har ein brei og verdifull kompetanse, med gjennomført UEFA B-lisens, pedagogisk bakgrunn og mange års erfaring som både spelar og trenar på seniornivå. Han var også assistenttrenar under Simon si leiing i 2024, og kjenner dermed både laget og strukturen godt frå før.

Med sine 157 kampar for STIL har også Bjarte ei sterk forankring i klubben, og tilfører trenarteamet både erfaring, tryggleik og fotballfagleg tyngde.